MAFOSS

View Original

Fagleg frukostmøte

Ein god gjeng frå MAFOSS sine medlemsbedrifter møttest til frukost på Quality Ulstein hotel, og hadde deretter eit særs godt møte om ESG og Openheitslova på Skaparhuset 24. mai.

SANDS sine toppfolk Maria Elena Kvalen og Nicolai Skridshol forklarte og svarte på spørsmål frå deltakarane, og gjekk i gjennom detaljar på saker ein må ha klart og utfordringar som kjem. Mykje er klart, men med ei lov som skal i gang 1. juli er det framleis mykje som manglar, også frå det sentrale Norge.

Vi takkar SANDS for samarbeidet om eit godt seminar og ser fram til vidare felles møteplassar.