MAFOSS

View Original

MAKOMP er i gang!

Kick Off for kompetansesatsing.

Etter initiativ frå Gunvor Ulstein, og med innspel frå fleire medlemsbedrifter, har MAFOSS utvikla eit konsept ein har kalla MAKOMP for smartare deling av ressursane i våre medlemsbedrifter. Prosjektet vart markert med eit Kick Off med bedriftsleiarar, ordførarar, HR-folk og andre interesserte til stades.

Initiativtakar Gunvor Ulstein takka for at MAFOSS tok utfordringa ho kom med, og meiner prosjektet kjem til heilt rett tid. Ho utfordra også bedriftene til å bruke initiativet godt og at dei tek aktivt del.
Prosjektleiar er Jannike Tuvik Skarbø som gjennom arbeidet med prosjektet skal finne måtar å kople ledig kapasitet i enkeltbedrifter med konkrete behov i andre.

– Vi gjer dette både for å utnytte felles fagressursar smartare og for å komme i forkant av moglege permitteringar. Slik sett jobbar vi for at arbeidstakarane samla sett skal kunne ha betre tilgang til arbeid også i periodar der det er lite å gjere, framhevar Jannike.

- Ved stadige opp- og nedturar i industrien blir det viktig å hindre at ein taper meir kompetanse. Vi håper at dette prosjektet kan bidra til å hindre kompetanseflukt, og at ein også kan inspirere komande generasjonar til å satse på utdanningar som vi treng framover, seier prosjektleiaren.

Prosjektet skal også sjå på korleis ein rekrutterer smartare og meir samla, og med responsen på prosjektet under kickoff på Skaparhuset trur vi at ein skal lukkast også med dei planane.

Les meir i Vikebladet.

Les meir i Nett.no

Les meir om MAKOMP

Gunvor Ulstein under KickOff for MAKOMP. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstadvoll

Sponsorar: Øyvind Tveten og Målfrid Nesje frå Fylkeskommunen og Hege Karete Hamre frå Sparebanken Møre. Foto: MAFOSS

Prosjektleiar Jannike Tuvik Skarbø. Foto: MAFOSS