MAFOSS

View Original

Uforståelege kutt

Satsing på framtida?

MAFOSS finn det vanskeleg å skjøne korleis ein har tenkt i sentrale korridorar når ein kuttar i støtta til Runde Miljøsenter i årets statsbudsjett.
Ambisjonane om grønt og blått skifte er meisla ut gjennom (alt for lange) festtalar over fleire år, og vi kan ikkje anna enn å undre oss over korleis ein tenker når ein i praksis vil bygge ned ei svært god satsing for å nå grøne ambisjonar.

Dagleg leiar Ottar Håkonsholm presiserer dette tydeleg i intervju med Sunnmørsposten, (sjå lenke) der han kjem inn på at kunnskap om havet og ressursane aldri har vore viktigare. Det virkar difor lite fornuftig å bygge ned kompetanse og kunnskap om havet no.
Vi reknar med at forslaget frå ivrige rekneark-medarbeidarar i finansdepartementet blir kraftig endra i debattane framover, og ber om at våre folkevalgde er påkopla og tilstades.

Sunnmørsposten om saka.

Ottar Håkonsholm Foto: Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter. Foto: Runde miljøsenter