MAFOSS

View Original

Kjempekontrakt til Ulstein

Bernhard Schulte Offshore skriv kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein

(frå pressemelding)
Bernhard Schulte Offshore returnerer til Ulstein Verft for design og konstruksjon av to ferdigstillings-/serviceoperasjonsskip (CSOV-ar) baserte på Ulstein sitt SX222-design.
Kontrakten inkluderer opsjonar på ytterlegare fire fartøy.

Fartøya, som tek i bruk TWIN X-STERN-designet, har to hekkar og hovudpropellar plasserte i kvar ende, noko som gjer dei til eit ideelt val for operasjonar som inneber dynamisk posisjonering (DP). Uansett om fartøya vender mot eller med vêret, kan dei oppretthalde full operasjonsevne utan nokon avgrensingar på fart. Med TWIN X-STERN-løysinga kan skipa oppnå forbetra drivstoffeffektivitet samtidig som dei minimerer rørsle. Det sistnemnde er eit avgjerande element for tryggleiken, då teknikarane treng å vere fullt utkvilde for å kunne utføre oppgåvene sine.
Innovasjon og kvalitet var nøkkelfaktorar

- Den gode erfaringa vi har hatt med Ulstein på tidlegare nybygg og ombyggingsprosjekt, både når det gjeld eigenskapar ved designet og pålitelegheit i skipsbyggingsarbeidet, gjer at vi kjem til Ulstein igjen. Det engasjementet dei viser for innovasjon og den eineståande kvaliteten frå Ulstein Verft var nøkkelfaktorar i avgjerda vår. Den eksisterande SOV-flåten vår, der alle skip er leverte av Ulstein, har eit svært godt omdøme og det viser at marknaden set pris på desse kvalitetane, seier Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore.

Havvindindustrien spelar ei betydeleg rolle i energiomstilling

– Energiomstillinga er avgjerande for å nå klimamåla, og havvindindustrien spelar ei betydeleg rolle i denne overgangen. Vi trur desse nye CSOV-ane vil gjere ein god jobb for Bernhard Schulte Offshore i åra som kjem, saman med dei tre vi alt har designa og levert til dei. Vi set pris på å jobbe med Bernhard Schulte Offshore igjen og tilliten dei har til oss, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group.

Fartøy nummer fire og fem

- Etter dei første nybyggingskontraktane i 2015 og igjen i 2018, og oppgraderinga av 'Windea Leibniz' som vi fullførte i år, er vi veldig glade for å no signere ein skipsbyggingskontrakt ved Ulstein Verft for fartøy nummer fire og fem for Bernhard Schulte Offshore. Partane samarbeider svært godt og vi ser fram til å jobbe i lag igjen. Fartøya er planlagde for levering i 2025, og vi skal gjere det vi kan for å leve opp til forventingane til reiarlaget, seier Kolbjørn Moldskred, salssjef i Ulstein Verft.

Om fartøya

Skipa har ei stor, sentralt plassert, rørslekompensert gangbru og heistårn for personell- og lastoverføringar. Det er vidare installert ei 3D-kompensert kran som kan løfte fem tonn offshore-laster. Logistikken om bord er optimalisert, og inkluderer stor lagringskapasitet og trinnlaus tilkomst til offshoreinstallasjonane.

Fartøya har ei lengd på 89,6 m og ei breidd på 19,2 m. SX222-designplattforma er tilpassa behovet til reiaren, inkludert enkeltlugarar for 110 personar. Til saman vil fartøya kunne romme 132 personar. Skipa vil ha hybrid batteridrift og vere førebudde for metanol slik at karbonnøytrale operasjonar er mogleg. Skipa er fleksible og attraktive for arbeid innan område som O&M (Operation and Maintenance) eller konstruksjonsstøtte, spesielt i utfordrande vêr- og sjøforhold.

Dei to nybygga vil komplettere Bernhard Schulte Offshore sin noverande flåte på tre toppmoderne offshoreservicefartøy. Den eksisterande flåten og dei komande nybygga er svært fleksible i drift og designa for å støtte offshore-energimarknaden (havvind, olje og gass.)

---

Om Bernhard Schulte Offshore

Bernhard Schulte Offshore (BS Offshore) er offshore-delen av det internasjonale shippingselskapet Schulte Group. Heimehøyrande i Hamburg, vart BS Offshore grunnlagt i 2015. Selskapet har ansvar for konsernet sine offshoreaktivitetar i havvind-, olje- og gassmarknadene. Schulte Group er ei internasjonal, familieeigd gruppering av holdingselskap som spesialiserer seg på skipseigarskap, skipsforvalting, maritime programvareløysingar, maritime tenester og kapitalforvalting. Med over 135 års kompetanse i bransjen kontrollerer Schulte Group ein moderne og mangfaldig flåte på 90 heil- eller deleigde fartøy og administrerer over 650 skip. Gjennom eit globalt nettverk på meir enn 30 kontor i store hamner, sysselset Schulte Group over 20 000 sjøfolk og 3 000 menneske på land.
www.bs-offshore.com