Brunvoll Volda AS
Brunvoll Volda AS er eit heileigd selskap av Brunvoll AS, som også eig Brunvoll Mar-El AS. Saman marknadsfører desse tre bedriftene det totale produktspekteret sitt under namnet «Brunvoll».
Brunvoll Volda AS er lokalisert i Volda med 130 tilsette. Aktiviteten ved bedrifta omfattar heile kjeda frå salg/markedsføring, produktutvikling og prosjektering, innkjøp, produksjon/montering, oppstart og service av ferdige gir og propellanlegg for den internasjonale marknaden.
Brunvoll Volda har eit stort utvalg av gir- og propellkonfigurasjonar som vert tilpassa driftskondisjonen til det einskilde fartøyet. Framdriftsanlegga frå Brunvoll Volda er å finne på dei fleste skipstypar innan offshore, fisk, tank, container, frakteskip, ferger, passasjerskip og yacht.
Produkta vert marknadsført og selde på den internasjonale marknaden gjennom eit nettverk av salgsrepresentantar og samarbeidspartnarar.
Brunvoll Volda Service tilbyr service, reparasjonar og ombygging av gir & propellanlegg og tunnelthrustarar.
Brunvoll produktspekter tilgjengeleg frå Brunvoll Volda:
- Gir og propellanlegg
- Thorque propellanlegg med PM-motor for hovedframdrift
- CRP-PM – kontraroterande propellanlegg med PM-motor
- Azimuth trekkande framdriftsthruster
- Opptrekkbar azimuth thruster
- Tunnelthruster
- Kontrollsystem
Kontaktinfo:
Brunvoll Volda AS
Postboks 205
6101 Volda
volda@brunvoll.no
Tlf: 70 05 90 00