Green yard Kleven AS
Skipsverftet Green Yard Kleven tilbyr reparasjonar og ombygging av alle typer fartøy, nybygg – også store, avanserte fartøy, og resirkulering av skip. Green Yard Kleven er Noregs fyrste og foreløpig einaste livslaupsverft. Verftet satsar på å drive miljøvennleg resirkulering og modifisering av skip. Green Yard Kleven AS i Ulsteinvik er saman med søsterverftet Green Yard Feda på Angholmen ein del av Green Yard Group.
Kleven Verft vart ISO-sertifisert både innan miljø og kvalitet i april 2013, og vart med det det første norske skipsverftet som er miljøsertifisert.
Verftet i Ulsteinvik har djupe røter i lokalsamfunnet, med ei historie som strekkjer seg mange tiår tilbake i tid. Gjennom heile historien har vilje til hardt arbeid og eit ønskje om å stadig forbetre metoder og resultat vore eit kjennemerke. Vi investerer i ny kunnskap og ny teknologi for å sikre at stolte skipsbyggingstradisjonar skal halde fram.
Kontaktinfo:
6065 ULSTEINVIK
E-post: post@kleven.com
Tlf.: 70 01 91 00