MAFOSS

View Original

Ulmatec Baro AS

Baro Mek. Verksted held til på Mjølstadneset i Herøy kommune. Produksjonen går føre seg i nye verkstadlokale med god tilkomst både frå land og sjø. Dei siste åra har Baro Mek. Verksted utvikla og produsert spesialutstyr til seismikkfartøy, og hatt dette som hovudprodukt.

I tillegg til dette vert det utført reparasjonsarbeid og vedlikehald også av andre fartøy. Elles har bedrifta spesialkompetanse på alle typar konstruksjonar i stål, rustfritt og aluminium.

I 1995 starta også produksjon i kompositt, eit materiale som Baro satsar vidare på.

Meir enn 80% av produksjonen er eksport til utlandet.


Kontaktinfo:
Mjølstadneset,
6092 Fosnavåg

office@baro.no
Tlf. 700 81 550