MAFOSS

View Original

Kompetanse for framtida

Oppturar og nedturar i ein syklisk bransje som den maritime næringa krev mykje arbeid og omstilling. Ei av utfordringane er tilgangen til kompetanse. Det handlar om å utvikle og verne om eksisterande kompetanse – og om å rekruttere den kompetansen vi treng i framtida.

Hausten 2021 gjennomførte difor MAFOSS, i samarbeid med Sparebanken Møre, eit forstudium for å kartlegge status og behov innan sentrale fagområde i den maritime næringa. I tillegg har vi samla kunnskap for å sjå på korleis ein betre kan arbeide med rekruttering og promotering av vår region framover.

Forstudiet viste mellom anna

  • ein betydeleg vilje frå bedriftene til satsing

  • at behovet for fagfolk er stort

  • at satsing inn mot eit grønt skifte krev nye fagområde

  • at rekruttering til arbeid i regionen må gjerast smartare i framtida

Vi ser at det er behov for å utvikle eit rammeverk og ein systematikk for korleis ein best mogleg kan rigge seg for å hindre tap av, og stagnasjon i, naudsynt kompetanse.

I januar 2022 gjekk kompetanseprosjektet vårt over i ein pilotperiode, der målet er å teste systematikken og konklusjonen frå forstudiet og finne ein berekraftig driftsmodell for det framtidige arbeidet.

Jnnike Tuvik Skarbø er vår prosjektleiar i pilotperioden. Jannike samarbeider tett med styringsgruppa som består av:

Gunvor Ulstein, Ulstein Group.
Hallvard Pettersen, Brunvoll Volda.
Inge-Jonny Hide, Myklebust verft.
Olav Haug Vikebakk, Hareid Group.
Jogeir Romestrand, Evotec/ Entec Group.

Arbeidet skjer i tett dialog med både NAV og LO/Fellesforbundet for å sikre transparens og gjensidig nytte og forståing av problemstillingane.