Fin sveis i 20 år

MAFOSS-medlem Sveisereparatøren er 20 år i desse dagar, og markerte dagen med ope hus og presentasjon av gode leverandørar.
Dagleg leiar Svein Røren fortel at dei i dag leverer sveiseutstyr og utfører vedlikehald og reperasjonar til både MAFOSS-medlemer og bedrifter frå andre bransjar.

— Verfta er nok mellom dei største kundane våre, men alle jobbar er viktige for oss, også dei mindre. Det er det samla volumet som gjer at vi har god drift i dag, seier Svein.

— I tillegg har vi god respons på vårt utval av arbeidsklede, maskiner og utstyr i butikken vår. Her handlar mange av bedriftene, men også privatpersonar kjem innom når garderoben må fornyast eller ein til dømes treng betre hanskar enn det lavpriskjedene tilbyr, fortel han.

— Vi har også vekst i det som går på profilering av bedriftene sine eigne logoar på jakker, t-skjorter og bukser. Dette gjer vi enkelt sjølve og ein treng ikkje store opplag før det løner seg å gjere dette hos oss. Vi kan til og med trykke logoar og profilering på plagga medan du ventar og tek deg ein kaffi hos oss, seier Svein.

Vi gratulerer Svein og dei tilsette med dei første 20 åra, og anbefaler deg som ikkje kjenner dei å ta turen innom, for det er vel aldri feil med ein kopp kaffi og litt bransjeprat!

Frå v: Magnar Kvamme frå Larsnes mek. saman med Svein Røren og Åse-Iren Tarberg frå Sveisereparatøren AS. Foto: MAFOSS

Gode leverandørar fekk blomar som takk for godt samarbeid gjennom dei første 20 åra. Foto: MAFOSS

MAFOSS fekk også vere med på feiringa. Frå v: Jannike Tuvik Skarbø og tidligare MAFOSS-sjef Terje Høybakk (no styreleiar i Sveisereparatøren). Foto: MAFOSS

Forrige
Forrige

MAKOMP er i gang!

Neste
Neste

Storsatsing for kompetanse