næringspolitikk

 

Våre representantar på Stortinget, Fylkestinget og i lokalpolitikken treng innspel frå fleire hald for å vere informerte om utfordringar som næringslivet sit med. MAFOSS har tett dialog med alle dei politiske nivå for å finne løysingar på saker som treff våre medlemer. Vi utfordrar politikken i vid forstand og skal sørge for at våre folkevalgte er informerte før dei tek avgjerder på saker som treff oss. 

Økonomiske rammer og lik skattlegging

Å drive lønsam næring på vestkysten av landet vårt er krevjande, og vi treng gode ordningar for å sikre at vi har verdiskaping i vår region også framover. Ikkje alle politiske nivå korleis ein best kan støtte opp under norsk næringsliv for å sikre framtidige arbeidsplassar, men MAFOSS minner den politiske leiinga på dette i møter og skriftleg kommunikasjon. Vi snakkar på vegner av mange bedrifter, og har truverde som ein aktør som ikkje berre snakkar for “si eiga sjuke mor”.

Innovasjon og utvikling

Det må leggast til rette for betre hjelp til oppstart og innovasjonsarbeid for gründarar. Det må også jobbast for sikring av tilsvarande gode ordningar for eksisterande bedrifter som satsar på nye produkt og tenester. NORGE treng folk som er villige til å bygge arbeidsplassar gjennom utviklingsarbeid og oppstart av ny produksjon. MAFOSS formidlar kontakt mellom verkemiddelapparat og bedrift, og kan også vere eit aktivt bindeledd mellom idè, bedrift og system.

Bemanning

Vi representerer havnæringane - bransjar som treng stadig tilgang på ekstra kompetanse. Noko kan ein leige inn ekstra i periodar, men bedriftene vil helst ha faste tilsette. MAFOSS har fokus på sikring av eksisterande kompetanse og på utvikling av ny. Dette krev vilje også politisk, og MAFOSS jobbar med påverknad på dette området kvar einaste dag.

Aktuelt om næringspolitikk

 

Forrige
Forrige

SAMFERDSEL

Neste
Neste

SAMARBEID