SAMARBEID
MAFOSS har eit utstrekt samarbeid med svært mange lokale, regionale, nasjonale og internasjonale aktørar – både i enkeltsaker og på overordna nivå. Som ein del av ÅKP-nettverket får våre medlemmer også høve til bistand innan vekstprogram og innovasjonsarbeid.
MAFOSS samarbeider med andre næringsaktørar- og organisasjonar om dei sakene som berører fleire bransjar og bedrifter - ikkje kun dei maritime og marine.
Nytt om SAMARBEID
Sparebanken Møre og Fylkeskommunen inn som partnarar i kartlegging for framtidig kompetanseutvikling og ressursdeling.
Endeleg startar testfasen av prosjektet! Dette vil vi markere og inviterer til kickoff på Skaparhuset måndag 5. september kl. 11.30–12.30. Anten di bedrift alt er med, eller du ynskjer å høyre meir om prosjektet er du hjerteleg velkomen!
Ein god gjeng frå MAFOSS sine medlemsbedrifter møttest til frukost på Quality Ulstein hotel, og hadde deretter eit særs godt møte om ESG og Openheitslova på Skaparhuset 24. mai.