Historia
Verkstadforeininga i Ulstein-regionen
Maritim foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS) vart etablert i 1969 som «Verkstadforeininga i Ulstein-regionen». Frå stiftingsdokumenta les vi: «Foreininga har til oppgåve å fremje skipsbyggingsindustrien sine interesser i regionen og å finne fram til samarbeidsformer som kan tene til å styrke medlemsverksemdene sine konkurranseevner.»
Klyngeetablering og tydeleg posisjonering på 60-talet, der altså.
For medlemene var det særs viktig å sikre godt samarbeid mellom bedriftene og minst like viktig å sikre utdanningstilbod for fagfolk slik at ein kunne levere stadig meir komplekse skip.
Dette var starten på mellom anna arbeidet med å få etablere ei praktisk skipsbyggarlinje på det som i dag er Herøy Vidaregåande skule.
«Foreininga har til oppgåve å fremje skipsbyggingsindustrien sine interesser i regionen og å finne fram til samarbeidsformer som kan tene til å styrke medlemsverksemdene sine konkurranseevner.»
– Stiftingsdokumentet frå 1969
stiftarane
Stiftarane av Foreininga i 1969 var:
Hjørungavåg Verksted AS,
Hasund Mek. Verksted AS,
Hatlø Verksted AS,
Kleven Mek. Verksted AS,
Smedvik Mek. Verksted AS,
Ulstein Mek. Verksted AS og
Gerh. Voldnes AS.