SAMFERDSEL

MAFOSS jobbar for betring av viktig infrastruktur innan samferdsel på nordvestlandet. Dette inneber aktivt arbeid for betring av vegar og bruer ved våre mange fjord- og fjellkryssingar, samt sikring av optimale rutetider for fly, buss og båt/ ferge.
MAFOSS er engasjert i styret i HAFAST, i styringsgruppe for Ny RV15 med arm til Geiranger, og leier i dag “Nettverk for Samferdsel, Søre Sunnmøre”.

HAFAST

Å skape døgnopne regionar og robuste bu- og arbeidsmarknadar langs E39 er både framtidsretta og samfunnsøkonomisk fornuftig. Sentraliseringskreftene er sterke både globalt, nasjonalt og regionalt. Vår region treng ein meir effektiv og fremtidsretta infrastruktur, og Hafast vil vere eit viktig steg i riktig retning.

Ny RV15

Dei tre Strynefjells-tunellane, med totalt 10,8 km køyrelengd, er ein utrygg flaskehals som bremsar utviklinga og verdiskapinga på Vestlandet og i Ottadalen. Samtidig aukar trafikken og ulykkesrisikoen for kvart år. MAFOSS har lenge vore med å kjempa for ei realisering av planane om ei ny og trygg tunell-løysing.

Nettverk for Samferdsel

Nettverket er samansett av leiarane i næringslag- og foreiningar i Sande, Volda, Ørsta, Herøy, Hareid, Vanylven, Ulstein, Haram og Ålesund i tillegg til representasjon frå Gode vegar, Maritimt forum Nordvest og MAFOSS. Tematikk i denne gruppa dekker ferje, veg og bru, hurtigbåt, bussruter og fly til og frå regionen.

Aktuelt om SAMFERDSEL

Neste
Neste

POLITIKK