Maritim foreining for Søre Sunnmøre

Samarbeid og konkurranse i havbaserte næringar

 
  • Samarbeid når vi kan – konkurranse når vi må.

    Industribyggaren Idar Ulstein sa ein gong at styrken til den maritime klynga på Sunnmøre mellom anna låg i at «Vi samarbeider når vi kan og konkurrerer når vi må». Dette er visjonen til MAFOSS også i dag.

  • MAFOSS skal tilrettelegge for auka konkurransekraft, smartare ressursbruk og høgare trivsel for medlemsbedriftene våre.

    Vi jobbar dagleg med satsingsområde som er djupt ankra i strategiane til medlemsmassen, slik som:

    1. Sikring av kompetanse

    2. Samferdsel på veg, sjø og i lufta

    3. Rammevilkår for næringa

    4. Samarbeid og konkurranse til det beste for næringa og enkeltbedriftene

    • Gjennom MAFOSS blir du og bedrifta di del av eit lokalt, verdsleiande nettverk av klyngebedrifter innan marin og maritim industri.

    • Fagutvala våre gir deg muligheit til å påverke både eigen kvardag og samarbeids- og konkurransevilkåra for ein heil bransje. Gjennom MAFOSS-utvala blir du invitert til å synleggjere viktige problemstillingar, kome med konstruktive innspel og bidra til å finne felles løysingar.

    • Med heile verdikjeda i ryggen har MAFOSS tyngda som skal til for å representere bransjen i politiske saker. Vi jobbar målretta inn mot offentleg byråkrati og politisk leiing for å få gjennomslag for saker som er viktige for deg, bedrifta di og ein heil bransje.

    • Du og bedrifta di vil også nyte godt av MAFOSS sitt godt etablerte nettverk av samarbeidspartar, organisasjonar, fagmiljø, politiske miljø og media for å få gjennomslag for viktige tiltak.

    • MAFOSS legg til rette for felles kursverksemd og vidareutdanning for tilsette i medlemsbedriftene innan til dømes leiing, verkstadfag og tekniske fag.

    • MAFOSS er ein del av ÅKP. Som medlem i MAFOSS vil du også nyte godt av tilboda frå ÅKP.

      Medlemsskap i MAFOSS (PDF)

makomp

maritimt kompetanseprosjekt

Portrett av Jannike Tuvik Skarbø

Kompetanseprosjektet MAKOMP tek tak i bransjen si utfordring med å sikre stabil tilgang til viktig kompetanse. Jannike Tuvik Skarbø har leia prosjektet, som handla både om å utvikle og verne om eksisterande kompetanse og å rekruttere den kompetansen vi treng i framtida.

Kontaktperson: Jan Thormodsæter, tlf: 924 67 700, epost: jan@mafoss.no

Nytt frå MAFOSS

 
 

Komande arrangement