kompetanse

 

Norge og Sunnmøre er kjent for eit aktivt og skapande næringsliv. På Sunnmøre utviklar og produserer vi produkt og skip i verdsklasse, og vi er kjende for å vere løysingsorienterte og smarte. Gjennom god kontakt med oppdragsgivarar, skuleverk og produksjonsmiljøa får vi utvikla kompetansen og kunnskapen både teoretisk og i praksis.

MAFOSS sørgar for å skape kontaktpunkt mellom skuleverk og arbeidsliv for å sikre utvikling av eksisterande kompetanse og for å legge til rette for framtidig kompetanse. Vi tek innspel frå medlemsbedriftene på spørsmål som går på kompetanse og utdanning på største alvor, og implementerer dette i våre strategiar og vårt daglege arbeid. Dette er mellom anna bakgrunnen for MAKOMP som er starta på direkte utfordring frå MAFOSS-medlem Ulstein Group.

Lærling i ei mafoss-bedrift?

 

OPPLÆRINGSRINGEN

MAFOSS-bedriftene har lang og god tradisjon på å ta inn lærlingar for å sikre og utvikle framtidig kompetanse innan ulike fag. Opplæringsringen/ Kompetanseutvalet i MAFOSS er samansett av lærlingansvarlege frå våre medlemsbedrifter, og møtest fleire gongar i løpet av året. Her legg ein planar som vedkjem lærlingane, og saman jobbar vi for at alle lærlingar skal få maksimalt utbytte av læretida med kunnskap om alle kompetansemåla i dei respektive læreplanane.

Praktiske saker rundt lærlingen
MAFOSS arrangerer kurs og opplæring for lærlingen ved behov. Dette skjer gjerne saman med lærlingar og tilsette i fleire av bedriftene våre.
I tillegg får lærlingen informasjon om fagplanar, loggføring av kompetansemål, generelle tips/ råd om korleis det er å vere lærling og kva rettar og plikter ein har som lærling.

Økonomi knytt til lærling
Når ein tek inn lærling i bedrifta får ein eit fast tilskot pr lærling. Om du er ein del av MAFOSS sin Opplæringsring får du heile dette tilskotet og kan nytte dette til kostnader knytt til opplæring og kursing av lærlingen.
Ta gjerne kontakt med oss for å lære meir om dei praktiske og økonomiske sidene ved å ha lærling.

BLI LÆREBEDRIFT

Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarlege for utdanningsløp og opplegg for lærlingar. Den faglege og daglege oppfølginga i praksisdelen av utdanninga er lagt til bedrifta når lærlingen er ferdig med skuledelen av utdanninga. Her er det mykje god hjelp å få frå andre MAFOSS-bedrifter, og i Opplæringsringen deltek også vår kontaktperson frå avdelinga “Opplæring i bedrift” i Fylkeskommunen som kan hjelpe i alle praktiske spørsmål.

Vegen vidare
Om di bedrift vurderer å bli lærebedrift kan du lese meir her, eller ta kontakt med oss i MAFOSS direkte slik at vi kan hjelpe deg vidare i prosessen.

Last ned brosjyra frå mrfylke.no

KURS FOR MEDLEMSBEDRIFTENE I MAFOSS

 

MAFOSS arrangerer ei rekkje kurs for våre medlemsbedrifter etter behov. Vi har gode avtalar og kan tilby kursa til rabatterte prisar. Endeleg pris pr person avheng av antal deltakarar og type kurs. Påmeldingsskjema for desse kursa finn du under.

Om du ikkje finn kurset de har behov for på lista, kan du registrere ønske om kurs i eige skjema «Registrer kursbehov».

Nye kurs vert sett opp basert på innmelde behov, gitt at det (samla pr kurs) registrerast behov for eit tilstrekkeleg antal personar.

Planlagde kurs:

For spørsmål kontakt: jannike@mafoss.no

Vi tek atterhald om nok påmelde for gjennomføring av kursa. Dette blir i tilfelle meldt i rimeleg tid før kurset skulle ha starta opp. Siste frist for avmelding er 7 arbeidsdagar før kurset startar.

Nytt om kompetanse

 

Årets kompetansevisdomsord:
“Livets skule er bra, men ei fagutdanning tek kortare tid…”

Forrige
Forrige

SAMARBEID