SSR
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Herøy, Ulstein, Hareid og Sande.
SSR har 23 tilsette og ein årleg omsetnad som varierer mellom 30 og 40 millionar kroner. Bedrifta har over 9000 kundar innan hushaldning og næring. SSR sine næringskundar finn ein i alle bransjar – frå einmannsføretak til verksemder med mange hundre tilsette.
Det kanskje største konkurransefortrinnet SSR har, er at ein har bilar i rute alle plassar i kommunane – kvar veke, heile året. Det betyr at ein kan tilby avfallsløysingar som ikkje så mange andre kan levere.
SSR har spesialisert seg på desse avfallsfraksjonane til næringslivet:
Våtorganisk avfall / matavfall / restavfall
Papp og papir
Plast frå næring
Anna plast som kan gjenvinnast
Kontaktinfo:
Smårisevadet 20,
6065 Ulsteinvik
E-post: firmapost@reinhaldsverket.no
Tlf: 70 00 70 50