Ship of the year

Pris til MAFOSS-medlem Ulstein med fleire

Frå pressemeldinga:
ECOFIVE-trålaren vart Årets Skip 2023

Den 6. juni 2023 fekk Bluewild, Ulstein Design & Solutions og Westcon utmerkinga 'Årets Skip 2023' for fabrikktrålaren ECOFIVE. Grunngjevinga er at skipet byr på banebrytande teknologi med fleire nyvinningar som samla gjer fiskeflåten grønare.

Det er første gong ein fiskebåt har vorte tildelt denne prisen. På tildelingsseremonien under Nor-Shipping-messa las fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran opp vinnaren med HKH kronprins Haakon til stades. Gustav Erik Blaalid, styreleiar i Skipsrevyen las opp grunngjevinga frå juryen:

Juryen si grunngjeving for tildeling av Ship of the Year 2023:

"Årets 'Ship of the Year' går til eit fartøy som byr på revolusjonerande teknologi.

Redusert utslepp

Fartøyet er utstyrt med eit hybrid framdriftssystem der batterisystemet har ein kapasitet på 1130 kWt. I tillegg til ei rekke energieffektiviserande tiltak vil dette samla gi minst 25 prosent reduksjon i drivstofforbruk og utslepp samanlikna med eit tilsvarande moderne fartøy av denne typen. Innsparingane kan ved nokre operasjonar kome opp i 40 prosent.

Det største enkeltområdet for energieffektivisering er at dette fartøyet er utstyrt med rordyser på eit to-propellars framdriftsanlegg. Berre med dette ligg energireduksjonen på 15 prosent samanlikna med konvensjonelle fartøy av same type, saman med elektriske vinsjar, varmegjenvinning, og ei rekkje andre energieffektiviserande tiltak.

Forrige
Forrige

fin kontrakt til ulmatec

Neste
Neste

Søre-framstøyt for å rekruttere til jobbmesse