fin kontrakt til ulmatec

I ei pressemelding frå Ulmatec går det fram at verksemda har sikra seg ei ny kontrakt med Edison Chouest Offshore (ECO). Ulmatec skal levere ei 32 meter lang bevegelseskompensert gangbru og logistikksystem for eit nytt Jones Act-servicefartøy som skal byggast av North American Shipbuilding.

– Det er eit teikn på tillit frå Edison Chouest Offshore at dei igjen vel vår gangbru. Utviklinga vår i samarbeid med reiarlaget og verftet sikrar ei perfekt tilpassing til fartøyet. Delar av gangbruleveransen blir faktisk produsert av verftet, noko som sikrar god integrasjon, mindre energiforbruk gjennom lokal produksjon og meir tidsfleksibilitet for verftet. Vårt gangbrusystem er fullt integrert med dynamisk posisjonering, noko som hjelper mannskapet med å velje rett tilgangspunkt og rute mellom vindturbinane," seier Bjørn Gjerde, salssjef i Ulmatec i pressemeldinga. Les meir i Vikebladet.

Forrige
Forrige

Prodtex - ein global snakkis

Neste
Neste

Ship of the year