Runde Miljøsenter

R
 

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Vi har kapasitet til å ta imot ca. 100 personar til konferansar, og har overnattingsplass til 40 personar. (24 personar i enkeltrom fordelt på 8 leilegheiter.)

Senteret er eit Enova forbildeprosjekt, og har det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvennlege bygningsmateriale, energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn. Runde Miljøsenter fekk den nasjonale VVS-prisen 2010 frå Norsk VVS Energi- og Miljøteknisk foreining. I 2009 fekk miljøsenteret Møre og Romsdal fylke sin miljøpris og Tussa-prisen.

Forskingssenteret arbeider med overvaking og forsking på miljøet, og tilbyr kontorplassar, laboratorium og leilegheiter til gjestande forskarar frå inn- og utland. Leilegheitene og dei andre lokala blir også mykje brukt av næringslivet og private til ulike arrangement.

Senteret er ein pådrivar mot lokalt næringsliv for å utvikle ny berekraftig teknologi og nye miljøvennlege produkt. Samarbeidet med Jets om utvinning av biogass og gjødsel frå kloakk- og kjøkkenavfall er eit døme på det.

Runde Miljøsenter er ein regional pådrivar for framtidsretta energiløysingar, og er i seg sjølv eit utstillings- og demonstrasjonsbygg. I tillegg kjem prosjektet Kompetansesenter for havenergi, som både skal informere om potensialet i denne typen energi, og vere ein teststasjon for bølgjekraftverk.

Miljøsenteret er med i fleire EU-prosjekt som jobbar for å utvikle berekraftige løysingar på alvorlege miljøproblem.


Kontaktinfo:
Runde Miljøsenter AS
6096 Runde

E-post: post@rundecentre.no
Tlf: 70 08 08 00

 
Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Forrige
Forrige

Robinet AS

Neste
Neste

Sebastian