Sebastian
Sebastian AS er eit uavhengig konsulentselskap etablert i 1994. Frå kontora i Noreg, Brasil og Kina jobbar dei for kundar over heile verda.
I løpet av dei første åra var fokuset til Sebastian AS ingeniørtenester for offshore servicefartøy som var under planlegging av skipsdesignselskap i regionen, og som vart verdigstilt hjå dei lokale verfta. Etter etablering av dette basis-segmentet utvida Sebastian både type tenester og geografisk verksemd mykje innan kort tid.
Selskapet har sidan 1998 utarbeida FMEA-ar og FMECA-ar over heile verda for alle typar skip og offshore-installasjonar.
2005: Sebastian AS blei IMCA-medlem.
2014: Sebastian AS blei medlem av MTS.
2022: Sebastian AS blei medlem av NORWEA og Norwegian Offshore Wind Cluster.
Sebastian si lange erfaring innan maritim/ olje- og gassindustrien er godt anerkjent både av kundar og sluttbrukarar. Sebastian framstår i dag som eit selskap med sterk kompetanse og kunnskap, noko som har gitt ein sterk posisjon over heile verda.