Kickoff for MAKOMP

Endeleg startar testfasen av prosjektet!

Vi ynskjer å markere dette og inviterer til kickoff på Skaparhuset måndag 5. september kl. 11.30–12.30. Anten di bedrift alt er med, eller du ynskjer å høyre meir om prosjektet er du hjerteleg velkomen!

Les meir om programmet og meld deg på her.

Gjennom MAKOMP – maritimt kompetanseprosjekt samarbeider MAFOSS og lokalt næringsliv om å prøve ut eit nytt konsept for å handtere bemanningsutfordringane i den maritime klynga lokalt. Næringa har variert tilgang på oppdrag og store variasjonar i bemanningsbehov, og både tilsette og bedriftene ønskar meir stabile og trygge arbeidsplassar.

Ei løysing som vi no vil prøve ut, er å leige ut og inn personell mellom bedriftene når behovet for dette skulle dukke opp.

Gjennom MAKOMP vil MAFOSS sørge for ei felles plattform med samkøyrde reglar, der bedriftene melder inn ledig kapasitet eller behov for innleige frå andre bedrifter.

Les meir om MAKOMP

Forrige
Forrige

MAKOMP er i gang!

Neste
Neste

Storsatsing for kompetanse