Storsatsing for kompetanse
Sparebanken Møre og Fylkeskommunen går inn som partnarar i kartlegging for framtidig kompetanseutvikling og ressursdeling.
Grønt skifte
Den maritime næringa er godt i gong med det grøne skiftet og arbeidet med å byggje framtidas skip med teknologi som svarar til nye krav til utslepp og energibruk. Denne omstillinga vil stille nye krav til kompetanse framover.
Forstudium
Med støtte frå Sparebanken Møre gjennomførte MAFOSS hausten 2021 eit forstudie for å kartleggje status og behov i bransjen innan sentrale fagområde. Initiativet til prosjektet kom frå næringslivet sjølv og er godt forankra hjå medlemsbedriftene i MAFOSS.
– No er vi i gong med hovudprosjektet som skal jobbe vidare med dette grunnlaget, og vi vil utarbeide ein modell for korleis vi kan sikre og utvikle den kompetansen som alt finns i klynga, seier prosjektleiar Jannike Tuvik Skarbø.
– I tillegg har vi fokus på korleis vi betre kan arbeide med rekruttering og promotering av regionen vår framover. Vi treng tettare samarbeid mellom bedriftene, nye møteplassar mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, og vi treng å få formidla ut alle dei moglegheitene som finns i regionen vår, seier Skarbø vidare.
Med i prosjektet er Sparebanken Møre og fylkeskommunen som samarbeidspartar og sponsorar.
Bulyst og utvikling i regionen
– For banken er dette eit heilt rett prosjekt å støtte, seier Hege Karete Hamre, banksjef næringsliv Søre Sunnmøre i Sparebanken Møre.
– Dette går godt inn i våre overordna planar og ambisjonar for å bygge ein sterk region. Vi tenker at dette djupast sett handlar om bulyst og utvikling av industri og næringsliv i regionen – noko som er viktig å promotere også ovanfor neste generasjon.
Banken vart i tidleg fase med å støtta forprosjektet. Etter grundig og godt samarbeid mellom pådrivarane er det gledeleg at Fylkeskommunen også ser verdien og viktigeita av denne type lokale initiativ med regional relevans og støttar det vidare arbeidet i lag med oss.
– Vi ser fram til å følgje utviklinga av dette prosjektet og er glade for invitasjonen til å delta, seier Hamre.
Langsiktige utviklingsmål i Møre og Romsdal
Kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal og MAFOSS har over lang tid hatt eit godt samarbeid, også i dette prosjektet.
– Møre og Romsdal Fylkeskommune ser på dette med stor interesse sidan vi har utvikling av utdanningstilbod i fylket høgt på vår agenda, og prosjektet passar godt inn i Fylkeskommunen sine langsiktige utviklingsmål, seier Målfrid Nesje, Rådgivar i Kompetanse- og Næringsavdelinga i Fylket.
– Saman trur eg at vi kjem til å få god nytte av erfaringane ein gjer seg gjennom prosjektet, og eg tenker at det finst gode overføringsverdiar til andre samanhengar. Vi set difor pris på initiativet og invitasjonen til å vere partnar i dette seier Nesje.
Dialog med kommunane på søre
– Vi har dessutan vore i dialog med alle kommunane på søre, også her har prosjektet vorte godt mottatt. Vi er svært glade for å møte brei forståing og einigheit om at dette er eit tiltak regionen vår treng, og for å møte så stor vilje til samarbeid, seier prosjektleiaren til slutt.